Frispark
PÅVERKA: Livet til barn og unge blir sterkt påverka av å vekse opp i fattigdom. Særleg gjeld dette barn som bur i ein familie med vedvarande låginntekt, skriv Kjersti Toppe.
Marit Hommedal/NTB
Vi må slutte å snakke om barnefattigdom
Vi bør slutte å snakke om barnefattigdom. Det er ikkje noko som heiter fattige barn. Eit barn kan ikkje vere fattig. Men eit barn kan ha fattige foreldre. Økonomisk fattige foreldre.
Eit barn blir gjerne sett på som fattig om det lever i ein familie med vedvarande låginntekt, som det heiter så fint. Men barnefattigdom er eit misvisande omgrep.
Det er foreldrefattigdom vi må snakke om. Det er foreldrefattigdom vi må sette inn tiltak mot. Det er berre slik vi kan nå barna.