❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Vi legg sjølvsagt ikkje til rette for dyrking av andre gudar

IKKJE NØYTRALE: På NLA er vi ikkje nøytrale i vår faglege vurdering av religion og religiøsitet, skriv Rolf Kjøde.
Publisert Sist oppdatert

Teologi har aldri vore ein nøytral akademisk disiplin og kan heller ikkje vere det. «Læra om Gud» strekker seg mot det som blir tatt imot i tru, og mot det som skaper trua. Teologien er grunnleggande sett ein kyrkjeleg fagkrets. Kyrkjelege fakultet er derfor ikkje noko framandt.

Samtidig er teologien i den eldste gruppa av akademiske fag. Det synleggjer for så vidt kyrkja si heilt sentrale stilling for framveksten av Europas universitet, men den saka få ligge her. Teologien samlar i seg mange allmenne disiplinar av språk, teksttolking, historie, systematisk refleksjon, kommunikasjon og menneske- og samfunnskunnskap. Det er få fagområde som får tatt i bruk ein så stor metodisk breidde.

På NLA opplever vi ein auke av unge kristne som vil lodde djupare i teologien. Noko av det første vi møter dei med, er påpeiking av at Gud både er objekt og subjekt for teologifaget. Vi studerer læra om Gud, men gjennom teologien vil vi også at studentane skal møte og erkjenne Gud sjølv. 

Powered by Labrador CMS