Vi har ein draum

LEDER:

«I have a dream», ropa Martin Luther King i 1963. Han drøymde om ei verd fri for diskriminering. At folk ikkje skulle delast i svarte og kvite, og at alle skulle bli møtte som likeverdige menneske.

Vi har også ein draum. Som Martin Luther King drøymer vi om likeverd. Om menneskeverd. Om at alle skal ha den same retten til å leve, fordi vi alle er skapte i Guds bilete.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Martin Luther Kings tale vart eit vendepunkt for borgarrettsrørsla. 50 år etter at han delte draumen på trappa framfor Lincolnmonumentet i Washington, kan vi framleis høyre gjenlyden av den kraftfulle røysta. Og slik King den gongen vart møtt av eit begeistra brus frå 200.000 tilhøyrarar, møter vi bodskapen med begeistring i dag.

Martin Luther Kings draum er blitt våre verdiar. Ikkje slik at kampen mot rasismen er vunnen ein gong for alle. Framleis ulmar rasismen i mørke krokar. Men Kings verdiar er blitt våre verdiar ved at dei er blitt felleseige i eitkvart demokratisk samfunn.

50 år etter den legendariske talen, markerer USA også ein annan årsdag. Tysdag var det 40 år sidan amerikansk høgsterett felte dommen i den såkalla «Roe versus Wade»-saka og dermed gjorde abort lovleg i USA.

Sidan den gongen er 55 millionar ufødde liv blitt aborterte vekk. Mange kallar lova USAs største tragedie gjennom tidene.

Skal vår tids kamp mot diskriminering vere truverdig, må den også omfatte dei ufødde barna. Ingen blir så nådelaust diskriminert som dei. Retten til liv er den mest fundamentale av alle menneskerettar. Å bli nekta livet er den verste forma for diskriminering.

 

LES FLERE LEDEREHER

 

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At dei små menneskespirane skal bli tilrekna menneskeverd, dét er vår draum. At alle barn skal ha lik rett til å leve, er ei av sakene vi verkeleg vil kjempe for.

Vi drøymer om ein offentleg debatt der fokus ikkje er på kor seint i svangerskapet ei kvinne kan ta abort, men kor godt samfunnet kan ivareta den gravide kvinna og barnet hennar.

Vi drøymer om at ingen sjuke foster skulle bli sett på som ei bør og ein kostnad. Og at foreldra som ventar desse barna, trygt kan setje dei til verda, fordi foreldra veit at alt blir gjort for å ta vare på barna deira. Vi drøymer om at vi skal sleppe å skrive fleire artiklar der foreldre til funksjonshemma barn seier at dei blir meir utslitne av kampen mot systemet enn av foreldrerolla.

Vi drøymer om at auger skal bli opna, slik at vi som samfunn skjønar kva abort faktisk handlar om. Slik at vi ikkje lenger er eit samfunn som tek livet av små barn.

På måndag, dagen før «Roe versus Wade»-markeringa, var det nasjonal fridag og feiring av Martin Luther King-dagen i USA. Same dag vart Barack Obama teken offentleg i eid som president. Etter eidsavlegginga stoppa presidenten framfor statuen av King for å vise respekt.

Dessverre har Obama ikkje vist seg som ein president som tek diskrimineringa av ufødde barna på alvor. I valkampen gjorde han seg til garantist for kvinners «reproduktive rettar». I fjor vår skuffa han då han nekta å røyste for eit forslag om å forby kjønnsselektive abortar. Dersom han vil ta antidiskriminerings-arven på alvor, er abortane på - og diskrimineringa av - ufødde jentebarn staden å byrje.

(Dagen)