| Kommentar
Verdssituasjonen – og ein cowboy på kne
Når utanriksstoffet tek oss, verkar alt det heimslege raskt nokså uviktig.
IRRELEVANT? Brandon Lake har lansert låt om ein bedande cowboy. Latterleg, irrelevant – eller nettopp det som trengst?
George Walker IV / AP / NTB
Countrymusikken har ei eiga evne til å dela folk i to. På eine sida står dei som, meir eller mindre flau, får ein slags klump i halsen. På andre finn du dei som berre vert nøydde til å harselera. Og ikkje minst understreka kor totalt irrelevant countryens vektlegging av «dei nære ting» er.
Denne musikken lukkast i det mang ein vekkingsevangelist med vekslande hell har prøvd på. Å stilla tilhøyraren på val.
Tilfellet ville at eg tidlegare i månaden snubla over ei ny utgjeving av kristenartisten Brandon Lake. Lake er ein kar mange kjenner gjennom låtar som den inderlege «Gratitude».