❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Kommentar

DEMOKRATI: Israel skal ikkje forsvarast på alle punkt, men har rett til å eksistera.

Verdskrig på små flater

Kven kunne ha gjetta at tredje verdskrig skulle bli eit slikt klaustrofobisk kammerspel?

Publisert Sist oppdatert

«Slik går altså verda til grunne, ikkje med eit smell, men med eit klynk.» Orda tilhøyrer diktaren T.S. Eliot, modernisten som i 1925 betre enn nokon andre har skildra den opprivande og retningslause livskjensla etter det som heitte den store krigen.

Lite visste han då at han skreiv i ein epoke som seinare skulle bli kjent som mellomkrigstid, og at «krigen som skulle enda alle krigar» berre var første akt i ei dyster og voluminøs soge om 1900-talets verdsvide krigar.

Men Eliot hadde rett. Det er det klynket, det eksistensielle ekkoet frå småbarn, hjelpelause og elendige som får oss til å kjenna at verda stoppar. Det er som om dei menneskelege hulka overdøyver smella, knatringa, drønna frå alt av tungt skyts.

Powered by Labrador CMS