For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Leder

SANNING VERSUS KJENSLER: Professor Eivor A. Oftestad leverer lesverdige og kritiske bidrag i kjønnsdebatten.

Vektige innvendingar mot nye kjønnsteoriar frå professor Oftestad

Publisert Sist oppdatert

I ein kommentar i avisa Dag og Tid, også publisert her i Dagen, delte professor ved Høgskulen i Innlandet, Eivor A. Oftestad nyleg nokre viktige kritiske perspektiv knytt til populære kjønnsteoriar, som mellom anna gjerne hevdar at «kjønn sit i hjernen».

Oftestad vektlegg det nødvendige i å halda fast på kroppens realitet, og peikar på at ei for sterk grad av vektlegging av subjektiv oppleving av kjønn rett og slett er farleg. Professoren lener seg på representantar for såkalla detransisjon; altså menneske som har gått gjennom kjønnsskifte, men så angrar, og går tilbake til det kjønnet dei opphavleg hadde.

I tillegg til å løfta fram personlege forteljingar frå dette krevjande og sårbare landskapet, minner Oftestad om forpliktinga vi som samfunn har på å sjå sanning som noko meir enn førestillingar. «Også lærebøkene må halde seg til det», minner professoren om og legg til: «Forlaga lyt lytte og krevje endring når førestillingar vert farlege».

Powered by Labrador CMS