| Debatt
Vebjørn Selbekk sitt gedigne bomskot
FORUNDERLEG: Det undrar meg mykje at Selbekk velgjer å fokusere på at Bondevik adresserer uro, men ikkje gidd å ta med sjølve poenget hans, skriv innsendaren.
Odd Mehus
Først litt ros: Under Vebjørn Selbekk si leiing har avisa Dagen, som eg har lese meir og mindre aktivt i 60 år, heva seg til å bli ei langt meir spennande og lesverdig avis enn tidlegare. Breiare temakrins, fleire ulike stemmer slepp til, også stemmer med andre synspunkt enn avisa sine, kritisk blikk på uheldige sider i kristennorge, gode kommentatorar – for å nemne noko.
Så til dagens leiar 24.10. Eit gedigent og klønete selvmål av Kjell Magne Bondevik er tittelen og konklusjonen. Her må eg replisere tilbake: Dette meiner eg er eit gedigent bomskot frå Selbekk, langt til side for mål.
Eg kan ikkje avvise at nokon kan tenkje: Nei i KrF er det berre bråk og tull så dei kan eg ikkje stemme på. Men å henge dette på Kjell Magne Bondevik blir likevel å rette bakar for smed. For han lagar ikkje bråk eller spetakkel. Han adresserer den uroa som han og mange andre har i forhold til Krf sin kurs. Og eg trur vi er mange. Meiningsmålingstala for KrF tyder på det.