| Frispark
Vårt korrupte potensial
FREISTING: Allereie dei første menneska svikta i freisting, slik vi alle har svikta etter dei, skriv Rolf Kjøde.
Adobe Stock
Kvifor er vi sjokkerte? Miksen er jo urgammal og velkjent; makt, sex og pengar. Triangelet som alltid har freista og har felt så mange. Alle tre inngår i menneskelivet og er ein føresetnad for sivilisasjon og samfunn; alle har ei bakside av egoistisk lyst og vondt begjær.
Akkurat no er vi vitne til at delar av samfunnseliten blir blottstilt. Av det treng vi ikkje å gjere tabloide slutningar om at slik er alle, slik er heile systemet. Media og politiske ytterkantar forsøkjer gjerne å skape «guilt by association», men det er ei ufin øving. «Derfor kommer hun aldri til å få fred», skriv Erik Stephansen i Nettavisen om Ine Søreide, men er ikkje heilt ærleg når han truleg meiner at media aldri vil gi henne fred. «Oppslag» genererer jo pengar.
Alle oppfører seg ikkje korrupt. Likevel treng alle med makt å minnast på Lord Actons berømte ord om at «makt korrumperer; absolutt makt korrumperer absolutt». Derfor er det livsfarleg når mektige politikarar vil skrote den maktfordelinga som ber demokratiet. Det råkar likevel ikkje berre i politikken, men og i kyrkjer som dyrkar og beundrar «karismatiske», sjølvbevisste leiarar og forkynnarar.