| Kommentar
Var kongens slottpark-tale full støtte til pride?
Harald V var ein liberal konge. Er slikt eit problem for konservative kristne?
TALE: Den vidgjetne talen vart framført i samband med kongeparets 25-årsjubileum i Slottsparken.
Lise Åserud
I slottsparken 1. september 2016 heldt kong Harald ein tale som i ettertid har blitt ein av hans mest siterte. Blant dei over 300 offisielle talane hans gjennom dei 35 åra han var konge, er dette utvilsamt den mest drøfta og kommenterte.
Denne korte talen gjorde han internasjonalt kjent som inkluderingskongen.
Viraken som talen genererte er både forbausande og forståeleg. Kongen sjølv reagerte, minnest vi, med lett overrasking. «Jeg har jo bare sagt det slik Norge er. For Norge er jo sånn», insisterte kongen.