| Leder
Valdresprofetien: Frykt, tru og endetid
At Valdres-profetien låg i ein skuff i årevis, gjer han ikkje uvesentleg. Tvert om.
LEGENDARISK: Pinseforkynnaren Emanuel Minos (1925–2014) forvalta profetiske ord med Bibelsk atterhald.
Johannes Reindal
Ble først publisert i starten av mars.
Ein av Dagens mest populære saker den siste veka, var faktisk ei sak frå sist sommar, om endetidsforkynning. Når det dreg seg til i Midtausten, har slike saker ein særskilt appell.
Eg kjenner meg att i den store lesargruppa som kastar seg over slikt stoff. Ikkje fordi eg er særskilt spekulativt anlagt. Kanskje tvert om. Men eg trur på ein som skal koma att, den definitive kongen, som er det store håpet når kaos og krig tårnar seg opp over tilværet.