☀️ 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Utvida handlingsrom – eller innsnevra omsorgsrom?

KVEN TAPAR: Vi har hatt fotball-VM-skjenking på nattetid, og no vil nokre gjerne at natteskjenkinga held fram vidare, skriv leiarane i IOGT Møre og Romsdal.
Publisert Sist oppdatert


Den siste tida har vi på mange felt i samfunnet sett at alkoholen har fått utvida handlingsrom. Vi har hatt fotball-VM-skjenking på nattetid, og no vil nokre gjerne at natteskjenkinga held fram vidare. Kven er det som taper på det i så fall?

Tek vi som samfunn inn over oss at det er mange som har utrygge oppvekstvilkår pga. foreldra sin rusbruk? At nokre sjukehus brukar ein god del av kapasiteten sin på alkoholrelaterte skadar? At dei inntektene som Mor Noreg får inn på avgifter knytt til alkoholsal ikkje dekkjer dei faktiske utgiftene som statlege organ har når det gjeld alkoholrelaterte skadar?

Ja, kvar vert det av det omsorgsfulle handlingsrommet, når vi ikkje innsnevrar salstidene, skal tru? Verdas Helseorganisasjon (WHO) har sagt at alkoholforbruket skal ned med 20 prosent innan 2030. Folkehelseinstituttet (FHI) meiner, ifølgje Vårt Land 10. august i år, at dagens regjering må stramme inn alkoholpolitikken.

Powered by Labrador CMS