SLUTT: Denne kyrkja i Nord-Dakota er ikkje lenger i bruk, men vitnar om norske spor på prærien - også i truslivet.
Tore Hjalmar Sævik
Utvandringa handla ikkje minst om kristen tru
På ei endelaus slette i Midtvesten vart eg minna om kor mykje kyrkje og kristendom betydde for nordmenn som vart amerikanarar.
«Hvorfor er norskamerikanere så kristne? Kirken ble noe helt annet i USA enn den var i immigrantenes hjemland», seier overskrifta i ein artikkel på forskning.no.
I 2025 blir det markert at det er 200 år sidan starten på den norske masseutvandringa til USA. Siglasen med «Restauration» i 1825 vert sett som starten på den norske utvandringsbølgja som varte i nesten hundre år. Då hadde rundt 800.000 nordmenn funne vegen over Atlanteren.
Kristne spor