Utryddingstruga kyrkjefugl?

Når vi opplever at alt håp er ute, då grip Gud inn. Håpet ligg i pinsen.

Pinse står for døra – den viktigaste av høgtidene våre. Ja, for både jul og påske peikar mot pinse – kruna på verket! «I all sin glans nu stråler solen», syng vi på denne flottaste tida av året.

Det var med pinse at læresveinane fekk fart på seg. Guds rike skulle ut til alle. Løyndomen bak alt det nye og gode som hende var at Hjelparen, Den heilage Ande, som Jesus hadde tala om, no var komen og blitt tatt imot.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Omsider vart det grunnlagt kyrkje også her i det høge nord – til velsigning for land og folk. Vi har fått dei same lovnader. Hjelparen, Den heilage Ande, som forklarer Jesus for oss, er den same.

Men i vår norske lutherske tradisjon høyrer vi diverre lite om det som har med pinse å gjere – det er faktisksvært underkommunisert. Kanskje er det ikkje vere så viktig? Ikkje så rart då at pinse verkar fjernt og diffust for mange. Samtalar om dette endar gjerne med eit lite sukk: «Dette er vanskeleg!»

Over fleire tiår har eg har prøvd å finne ut om dette. Oftast ser eg at Den heilage Andeomtrent aldri blir nemnt i forkynninga. Kanskje ikkje så rart då at mange opplever pinse og pinsas innhald som noko framant og vanskeleg å forhalde seg til.

Sjølvsagt har ikkje eg det fulle oversynet – og alle må ikkje skjerast under same kam. Og eg seier heller ikkje at Den Heilage Ande ikkjeer der. Men det viser seg igjen og igjen: «Pinse» er liksom ikkje tema, blir bare borte frå tanke, tale, og dermederfaring. Kva har hendt?Kvar har Den heilage Ande tatt vegen?

For dei tidlege kristne var Den heilage Ande livsviktig og heilt avgjerande for vekst og mognad og for oppdraget som skulle utførast. Gjennom heile Apostelgjerningane går det ein raud tråd: «Fekk de Den heilage Ande?». «Vi har ikkje ein gong høyrt at det er nokon Heilag Ande», var det nokon som svara, Apg. 19:2. Kanskje er det nokon norske kristne som kjenner seg att i dette svaret...

Jesus er komen for å gjereto ting, skriv Johannes: ta bort syndaog å døype med Den Heilage Ande, Joh 1: 29 og 33. Det første har vi høyrt mykje om - det andre fordunstar lett. Vi har vore dyktige på dåp i vår kyrkje.

Men å lærekorleis dåpens nye liv skal levast er eit svakt punkt. Til det treng vi Hjelparen, Den heilage Ande. Mange lengtar etter å erfare dette rike og friske nye livet saman med Jesus.

På 70-talet fekk vi ein forfriskande karismatisk vind til landet. Vi var mange som då sette vår lit at det skulle bli meirånd og liv i elles stive og kalde gudstenester. Men det viste seg, med nokre få unnatak, at vår norske kyrkje ikkje var open for slikt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter førti år har dette endra seg lite, sjølv om det har vorte meir«livlighet». Oase, IMI, og andre som har bore fornyinga vidare, opererer nokså isolert frå vanlege lokale forsamlingar. I ein periode fekk vi også eiliturgisk fornyingsrørsle.

Også den har hatt mykje å seie for enkeltpersonar, men fekk lite innpass i gudstenestelivet i Den norske kyrkja. Kirkelig Fornyelse, som denne rørsla heitte, vart nedlagd i 2016. Kyrkja mista mange dyktige prestar og medarbeidarar.

Men elden frå norskOase brann ikkje forgjeves. Han fauk over til Sverige. InnanforSvenska kyrkan har det utvikla seg ei vital og økumenisk fornyingsrørsle. Og her har dei gjort ein genistrek.

Denne karismatiske Oasrörelsen smelta etter kvart saman med deira liturgiske rørsle, Kyrklig Förnyelse. Mange prestar, pastorar, diakonar, musikarar og mange andre går no saman om å bringe nytt liv inn i dei mange ulike forsamlingar og kyrkjesamfunn, over heile Sverige. Gudstenestelivet blir ein rik og viktig del av dette.

Tilsvarande har vel aldri vore på tale her til lands. No har sekulariseringa i Svenska kyrkan kome lengre der enn hos oss. Om ein er på henne som «eit synkande skip», blir förnyingsrörelsen ein «livbåt» for mange.

Menneske tar imot Jesus som sin Herre og Frelsar. Dei vitnar om si tru for andre. Manga blir helbreda på ånd, sjel og kropp. Mange blir sette fri frå vondskapens makt. Manga får erfare krafta i orda om forlating.

Fornyinga blir kjenneteikna av glede, frimod og ikkje minst erfaring av Den Helige Ande. Er det ikkje slike ting vi også ønskjer å sjå også i våre forsamlingar?

Vår kyrkje har utvikla eller innvikla seg i einalvorleg krise. Det er hjarteskjerande vondt å å sjå og høyre om all den sorg, naud og rådville som dette no fører med seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein kan ein lure på om det finns håp. «Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste?», spør Paulus galatarane og oss, Gal 3:1.

Håpet ligg i pinsen. Når vi opplever at alt håp er ute, då grip Gud inn.

Det er håp for eit modig og medvite fotfolk - som ikkje sløkkjer ut Anden, men strekker sine hender seg til den levande Guden, Israels Gud - våre fedrars Gud -vår dåps Gud. Han møter oss på ny i Jesusog Den heilage Ande.Utan meg kan de ingenting gjera, seier Jesus! Det er uante muligheterpå lokalplanet!