For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Frispark

HELSE: Reparasjon er nødvendig når skade er oppstått. Men det viktigaste er å hindre at skade oppstår, skriv Kjersti Toppe.

Ungdom og psykisk vanhelse

Publisert Sist oppdatert

Mange fleire barn og unge enn det vi likar å tenkje på, er triste, lei seg og har mista håpet. Norske studiar har vist at rundt sju prosent av barn og unge i alderen 4–14 år har ein psykisk liding. (FHI- Folkehelserapport). Ifølgje Ung-HUNT undersøkingane frå Trøndelag auka delen med høgt nivå av psykiske plager blant jenter på ungdomsskulen og vidaregåande skule frå 21 prosent i perioden 1995–97 til 45 prosent i perioden 2017–2019.

Dei siste par åra og under pandemien har barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) opplevd ein enorm auke i tilvisingar. Barna som blir tilvist er yngre og meir alvorleg sjuke.

I Folkehelseprofilane som FHI gjer ut, kan ein lese om folkehelsa for din kommunen eller bydel. Livskvalitet er tema for årets folkehelseprofil. Det fordi god livskvalitet styrkjer også motstandskrafta i møte med belastningar. Målet er å skape samfunn som fremjar livskvalitet.

Powered by Labrador CMS