For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Meninger

UNDERORDNING: Bibelen seier at vi skal alle underordna oss kvarandre. Ingen går fri, skriv Erling Thu.

Underordning – utgått på dato?

Publisert Sist oppdatert

Ein underleg debatt om underordning har i den siste tida gått i kristne aviser. Somme seier at debatten er utdatert fordi det er full likestilling i heimen deira og det kristne miljøet dei er ein del av. Andre avviser tanken om underordning av di dei prøvde å underordna seg, men fekk det ikkje til.

Eg er forundra over at folk, som til vanleg vil vera bibeltru og halda fast på klassisk kristen tru, så lettvint motseier Guds ord om at kona skal underordna seg mannen sin. Mange konservative kristne tyr til den liberale tilnærminga og let kulturen avlysa dei skriftorda som kolliderer med vår samtid. Dei mange karikeringane av kva underordning inneber, hjelper oss heller ikkje til å forstå den bibelske sanninga om underordning.

Så har vi dei som seier at alle dei gamle paternalistiske og hierarkiske rangordningar er oppheva i Kristus. Denne språkbruken avslører kva briller dei les Bibelen gjennom. Kanskje utan at dei veit det, er dei påverka av verdslege filosofar som Niezche, Faoucalt og Derida og ser alt med brillene av «maktkamp», «undertrykking», «dekonstruksjon». Slike ideologiske briller hjelper oss ikkje til å få tak i kva Guds ord verkeleg seier.

Powered by Labrador CMS