| Kommentar
Ulest vart meir trusreise enn tidsreise
OPPDAGINGSFERD: Journalist Tore Hjalmar Sævik beskriv arbeidet med podkasten Ulest - kristne klassikee som ei oppdagingsferd.
Bjørn Olav Hammerstad
Sist laurdag opplevde eg noko merkeleg: På eit langbord låg det ein serie med 22 bøker som eg hadde vore med på å snakke til eksistens. Lege og forleggar i Sisik forlag, Dag Gundersen Storla, hadde nemleg lykkast med å gi ut bøkene som ligg til grunn for podkasten Ulest - kristne klassikere. Storla har vist ei nesten ufatteleg evne til å gjennomføre det han set seg føre.
Lanseringsseminaret på NLA Høgskolen i Oslo var eit uventa høgdepunkt på ei reise som starta like uventa våren 2023. Prest og høgskulelektor William Grosås ved NLA Høgskolen tok kontakt med Dagen for å høyre om det var interessant å samarbeide om ein podkast om kristne klassikarar. Eg var den heldige som fekk oppdraget med å delta frå Dagen. Frå NLA kom også førstelektor Peder Solberg.
Dei første episodane vart publiserte i november 2023. I juni 2025 sette vi punktum, i alle fall førebels. Då hadde vi reist gjennom 2000 år, på kryss av tvers av Europa og Midtausten, og med ein slags svipp til Amerika. Resultatet var 74 episodar. Dei har utløyst ein respons eg aldri har opplevd maken til gjennom over 20 år som kristenlivsjournalist.