| Kommentar
Uff, dette vart pinleg, NRK. Ei nær metoo-oppleving er ikkje nok
Behovet for dramaturgi og kontrastar for å fylla vakuumet under borgfreden gir groteske utslag.
LITE NYTT: Debatten skal setja dagsorden. Då må dei leggja lista høgare enn til å referera gamle nestenulykker.
Skjermdump.
Hadde eg ikkje hadde visst betre, hadde eg trudd opninga av torsdagens «Debatten» var eit klipp frå ein av Både Tufte Johansens legendariske sketsjar frå gamle dagar.
Ein godt vaksen programleiar står overfor ei pur ung vaksen kvinne. Med innstudert empatisk gravalvor, legg han etterkvart nærast orda i munnen på henne.
Han; ein herre med bart og dress. Ho; ei blond og nysminka ungdomspolitikar. Og grunnen for at nasjonen skal følgja med på dette programmet … er litt vanskeleg å få tak i, heilt ærleg.