| Debatt
Treng me nullvisjon for sjølvmord?
NULLVISJON: Regjeringa sin handlingsplan for forebygging av sjølvmord har nullvisjon – men vil ikkje aktiv dødshjelp, eutanasi, assistert sjølvmord utfordra denne målsetninga, spør innsendaren.
Foto: Janne Håland / Sportsklubben Brann
Regjeringa sin handlingsplan for forebygging av sjølvmord har nullvisjon – me har ingen å misse i sjølvmord! Men vil ikkje aktiv dødshjelp, eutanasi, assistert sjølvmord utfordra denne målsetninga?
For korleis skal ein skilja eit assistert sjølvmord og eit sjølvmord? Kvifor skal me gjere alt me kan for å hjelpe menneske som synes livet er så altfor mørkt og som har ei kjensle av å vere ei bør for andre, når 7 av 10 meiner at aktiv dødshjelp er ei miskunnsam ordning samfunnet må legge til rette for?
Dokumentaren «Dødsenglene» gjev ei kjensle av at aktiv dødshjelp bør legaliserast, og programma treff oss i hjarte. Men er løysinga at samfunnet legg til rette for å hjelpe til å ta liv? Dokumentaren «Er det bedre å dø?» på NRK, med skodespelar og aktivist Liz Carr (best kjend som rettsmedisineren Clarissa i serien «Tause vitne»), synleggjer dei etiske dilemma som assistert sjølvmord gjev i møte med sårbare menneske.