Leder
FLEIRE SLIT: Legg vi ekstra i gryta til Frelsesarmeen no? Bildet viser pakking av matposar på Frelsesarmeens slumstasjon i Oslo.
Stian Lysberg Solum/NTB
Treng eg bry meg om at folk svelt?
Eg har aldri svolte. Aldri mangla mat. Men eg har opplevd å ha det litt knapt.
Det siste året eg var student, med barn og nykjøpt rekkehus, hadde vi tusen kroner veka som skulle rekke til fem personar.
Det året snudde eg og mannen min på kvar krone. Vi kjøpte kneippbrød frå dagen før på nærbutikken. Det var tørt og smakte papp. Eg har ikkje kjøpt kneippbrød sidan.