Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Frispark

TOPPE: Barne- og familieminister Kjersti Toppe under Kyrkjemøtet 2023.

Til kamp for folkekyrkja

Publisert Sist oppdatert

Færre gudstenester? Av-vigsling av kyrkjer? Kutt i prestestillingar? Mykje kan bli ein realitet om ein skal ta opposisjonspartia på Stortinget på alvor.

Ser ein bort frå KrF, er det skremmande kor lita omsut Høgre, Venstre og Framstegspartiet har for folkekyrkja vår. Dei foreslår store kutt i finansiering av Den norske kyrkje i sine alternative statsbudsjett. Frå 147 til 257 millionar kroner. Dette vil sjølvsagt kunne gå ut over talet på prestestillingar.

Framstegspartiet har drive med dette i mange år. At urbane Venstre kuttar i folkekyrkja, er ikkje mange overraska over. Det nye er at også Høgre ikkje ser seg tent med ei folkekyrkje i heile landet. Kva har skjedd med Høgre?

Powered by Labrador CMS