❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Teologisk utforbakke av dimensjonar

TEOLOGISK UTVIKLING: Den teologiske utviklinga som har vore her i landet dei siste 30 åra, særleg innan Den norske kyrkja (Dnk) og Menighetsfakultetet (MF), er nesten ikkje til å fatta, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Den teologiske utviklinga som har vore her i landet dei siste 30 åra, særleg innan Den norske kyrkja (Dnk) og Menighetsfakultetet (MF), er nesten ikkje til å fatta. Det har vore ein teologisk utforbakke av dimensjonar. Bakken har vore både bratt og lang – det siste trass i svært kort tid. 

Det er naturleg å reflektera over dette nettopp ved eit årsskifte, og ved utgangen av 2025 er det særleg aktuelt, fordi det lett fører oss 30 år tilbake i tid. I 1995 fekk vi ei teologisk utgreiing som på mange måtar var eit skilje i den teologiske utviklinga med tanke på homofilt samliv og såkalla «likekjønna ekteskap», «Homofili i kirken». Denne viste ei kløyving i bispekollegiet ved at tre av dei elleve biskopane sa ja til forbønn for likekjønna par. Det var like fullt eit stort fleirtal på åtte som sa nei, men det varte ikkje lenge.

Det er samstundes verdt å merkja seg at i 1997 hadde biskopane ei ny utgreiing, «Kirkens enhet og troens fundamenter». Her vart det teologisk slått fast at det å sidestilla heterofilt og homofilt samliv, ville vera «kirkesplittende vranglære». Det meinte altså også dei biskopane som var opne for homofilt samliv. Det kristne ekteskapet var med andre ord for ein mann og ei kvinne, og berre det. Dette vart det halde fast på i vel ti år, men så rakna det med rekordfart.

Powered by Labrador CMS