Meninger
SÆRPREG: Du vil aldri få ein kopp chai i jordhytta og gå derifrå, utan følgje av nokre gode løfter lesne høgt frå Guds ord, skriv Jan Helge Aarseth.
Adobe Stock
Teikn på vekking
Me er i endring. Brått har eit velfødd og trygt Noreg blitt tumleplass for mykje uro og bekymring. Nye reportasjar og debattar om dyrtid, naud og krig rullar inn over oss. I tillegg smuldrar og forvitrar fundamentet for dei tusen heimar bort i jakta på å finne sitt følte og tenkte sjølv. Om ein er kvinne eller mann, eller ingenting.
Identitetsjakt og kampen for å verte fri, formanar aktivistministrar og rosaideologar. Klimakrise kallar naturvernarane det, utan klimautveg. Resesjon, ropar pengesterke økonomar. Våpenmangel, seier statsleiarar, og ser løysing i opprusting og betre teknologi.
I Galilea høyrer me ein samtale om framtida og vegen vidare. Lik vår tid, er mørke trekk mange. Samstundes er fokuset annleis.