Frispark
TAKK: Eg vil no rette ein stor takk til barn og unge, som har måtte betale den største prisen, utan kompensasjon, som har opplevd smittebølgjer, mutasjonar og plutselege nedstengingar, heimeskule og digital undervisning, skriv Kjersti Toppe.
Thomas Brun / NTB
Takk til barna!
To år er gått sidan koronaviruset kom til Norge. Pandemien har vore ei omvelting for alle. For barn, eldre og vaksne. For heile samfunnet, for næringslivet og kulturlivet. For skular, barnehagar, og ikkje minst for helsevesenet.
Ein ny fare har endra kvardagen vår. Aldri har vi vel vore så glade i Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet vårt. Tenk at eit slikt usynleg lite virusvesen har klart å lamme vårt moderne samfunn i så stor grad. I så lang tid.
Faren var varsla. Direktorata var klar i sine åtvaringar: Pandemi var blant dei mest sannsynlege krisene som kunne ramme Norge. Pandemien har verkeleg fått fram sårbarheita i vårt moderne samfunn.