| Leder
Takk, Jan Honningdal! Eg trur du redda nokre av oss i generasjon ironi
Generasjon X, det vil seia folk fødde mellom 1965 og 1984 har eit velkjent ironiproblem. For kristne er det ei ekstra utfordring.
EKTE: Jan Honningdals musikk må vera noko av det minst ironiske ein kan lytta til.
Tarjei Gilje
Det er gått tretti år sidan 1996. Eg avslutta vidaregåande det året mange kulturkommentatorar reknar som eit toppår for ironikulturen.
Det ironiske var komme for å bli – i alle fall for å ha si stordomstid. Bård og Haralds skråblikk på alt tidlegare alvor hadde erobra allmennunderhaldninga på NRK. VG og Solo sin folkelege ironi var blitt ein del av reklamespråket alle forstod.
For mange kunne nok låtten tidvis setja seg fast i halsen. Kravet om å kunna le av alt frå barndomstraumer til framtidsdraumar verka både absolutt og nådelaust. Lo du ikkje med, var du fort nestemann i gapestokken.