Ta vare på hjartet framfor alt

Fri­da­ga­ne i påska er ein gyl­len sjan­se til å ta vare på hjar­ta. Lat oss gripe denne sjan­sen. Lat oss leve med i påske­dra­ma­et og be Jesus vise på nytt kva han gjor­de for oss på kor­set, skriv Dagen på lederplass.

Bruk kart og kom­pass, seier fjell­vett­re­gel num­mer 6. Kart er flott. Kom­pass er verre, sjølv om fri­lufts­gla­de folk bør meist­re begge deler no som påske­fe­rien står for døra.

Sjølv har eg eit an­strengt for­hold til kom­pass. Det har eg hatt heilt sidan vi skul­le lære ori­en­te­ring på barne­sku­len og eg virra ret­nings­vill rundt mel­lom myrar og eine­bus­ker i Mar­ka­ne, vest for Stryn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men no har eg funne eit kom­pass som fun­ge­rer. Eit kom­pass som blant anna er yp­per­leg for jour­na­lis­tar. Eg fann det i Sa­lo­mos ord­tak, ka­pit­tel 4, vers 23, og det lyder slik:

Ta vare på hjar­tet fram­for alt, for livet går ut frå det.

Så en­kelt, og så vans­ke­leg.

Desse orda slår fast kva som er det eine vik­ti­ge: Å ta vare på hjar­tet, fram­for alt anna vi held på med. Stel­ler vi ille med hjar­tet, må kur­sen jus­te­rast.

For eit par år sidan hadde eg ein sam­ta­le med ein utan­landsk kol­le­ga. Etter eit langt liv i kris­ten pres­se i heim­lan­det hadde det slått han at det var lett å bli ky­nisk. Er­kjen­nin­ga vart ei vek­kjing for han, og han inn­såg at han måtte ta grep i livet for å ta vare på hjar­tet sitt.

Som jour­na­lis­tar i kris­ten pres­se opp­le­ver vi mykje fan­tas­tisk, men også ein del krev­jan­de. Vi dek­kjer kon­flik­tar og ut­ford­ran­de teo­lo­gis­ke de­bat­tar, som nokre gon­ger kan gå på trua laus. Vi skriv om un­der­slag, utru­skap, over­grep, grå­dig­heit og av og til dum­skap. Vi har opp­levd folk bli sinte, uri­me­le­ge og for­nær­ma. Og vi har møtt mange med opp­blås­te ego. Som jour­na­list kan ein bli des­il­lu­sjo­nert, og etter kvart ky­nisk.

Eller kan­skje har vi dekt så mykje naud og kri­ser, at den men­nes­ke­le­ge li­din­ga ikkje går inn på oss len­ger.

Det er dess­utan fort gjort at vi som har som heil­dags­jobb å vere kri­tis­ke, også blir for­fer­de­leg kri­tis­ke når vi høy­rer kris­ten for­kyn­ning. At vi heile tida vur­de­rer, i sta­den for å ta til oss bod­ska­pen. Det er ein fare for at hjar­tet blir hardt. At vi blir ob­ser­va­tø­rar ista­den for del­ta­ka­rar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er skil­nad på å drive kri­tisk jour­na­lis­tikk og å vere ein ky­nisk jour­na­list. Kri­tisk jour­na­lis­tikk jak­tar på san­nin­ga. Den kri­tis­ke jour­na­lis­tik­ken er ein bere­bjel­ke i de­mo­kra­ti­et. Ky­nis­me, der­imot, let seg ikkje kom­bi­ne­re med god jour­na­lis­tikk. Ky­nis­men er hard, kald og om­syns­laus.

For å vere tru mot den vi­sjo­nen som dreiv dei fles­te av oss inn i jour­na­lis­tik­ken, nem­leg øns­ket om å søkje san­nin­ga, stå opp mot urett­ferd og vere ei byg­gjan­de kraft, er det av­gjerna­de at jour­na­lis­tar føl­gjer Ord­språ­ka 4,23 og tek vare på hjar­tet sitt.

Den same opp­ford­rin­ga kan ret­tast mot krist­ne i alle andre yrke og livs­si­tua­sjo­nar. Ord­språ­ka 4,23 er eit kom­pass for oss alle.

Å ta vare på hjar­tet, hand­lar om å leve nær Jesus og ta til oss det vi treng av ån­de­leg næ­ring. Slik det står i eit anna bi­belsk kom­pass, i Matt 6,33: Søk først Guds rike og hans rett­ferd, så skal de få alt det andre i til­legg.

Gud først. Res­ten etter­på.

Det er nok av kref­ter som dreg oss ut av kurs og vekk frå Jesus. Blant anna mis­un­ning, bak­ta­ling, hov­mod, mang­lan­de vilje til å tilgi, ma­te­ria­lis­me - eller som det står i Bi­bel­sel­ska­pets siste, auge­op­nan­de om­set­jing av Kol 3,5: «tron­gen til all­tid å eige meir, som ikkje er anna enn av­guds­dyr­king.»

Jaget etter den per­fek­te krop­pen, den per­fek­te hei­men, den per­fek­te fe­rien og andre sta­tus­mar­kø­rar fører oss rett over i ei anna for­vil­l­an­de kraft, nem­leg at vi gjer oss sjøl­ve så for­fer­de­leg trav­le. Af­ten­pos­ten skreiv denne veka om kvin­ner med trip­pel­byr­de. Dei skal ikkje berre yte mak­si­malt heime og på jobb, men også når det gjeld tre­ning, so­si­al om­gang og sjølv­rea­li­se­ring. Mange tøyer strik­ken så langt at han ryk.

Fri­da­ga­ne i påska er ein gyl­len sjan­se til å ta vare på hjar­ta. Lat oss gripe denne sjan­sen. Lat oss leve med i påske­dra­ma­et og be Jesus vise på nytt kva han gjor­de for oss på kor­set.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi treng å be­va­re hjar­tet for at vi sjøl­ve skal bli be­var­te. Bøna i Salme 139, 23 er ei hjelp til å kome til­ba­ke på den gode kur­sen:

Ran­sak meg, Gud, og kjenn mitt hjar­te,

prøv meg og kjenn mine tan­kar!

Sjå om eg føl­gjer av­guds­veg,

og lei meg på den evige vegen!

Vel­sig­na påske.