Ta vare på hjartet framfor alt
Fridagane i påska er ein gyllen sjanse til å ta vare på hjarta. Lat oss gripe denne sjansen. Lat oss leve med i påskedramaet og be Jesus vise på nytt kva han gjorde for oss på korset, skriv Dagen på lederplass.
Bruk kart og kompass, seier fjellvettregel nummer 6. Kart er flott. Kompass er verre, sjølv om friluftsglade folk bør meistre begge deler no som påskeferien står for døra.
Sjølv har eg eit anstrengt forhold til kompass. Det har eg hatt heilt sidan vi skulle lære orientering på barneskulen og eg virra retningsvill rundt mellom myrar og einebusker i Markane, vest for Stryn.
Men no har eg funne eit kompass som fungerer. Eit kompass som blant anna er ypperleg for journalistar. Eg fann det i Salomos ordtak, kapittel 4, vers 23, og det lyder slik: