ANNLEIS: Viss ein fyrst prøver dette ut, er det mest sannsynleg ingen veg tilbake. Vil vi verkelig ta ifrå komande generasjonar moglegheita til ein annleis dag og ein felles fridag? spør Anne Kristin Bruns. Illustrasjonsbilde: Kyrre Lien / NTB Scanpix

Søndagsfri? Ja, takk!

Våre motstandarar hevdar at KrF vil presse kristne verdiar på eit pluralistisk samfunn. Men bodet om kviledagen er berre eit av mange eksemplar på levereglar som er godt for alle uansett livssyn og livssituasjon.

Søndagsturen er ein av dei gode minna frå barndommen min. Sjølv om eg vaks opp bokstaveleg talt midt i naturen i ei bygd på Vestlandet, var det ein viktig aktivitet for familien. Etter at fjøsstellet var gjort og vi hadde hatt ein god frukost, bar det av stad med sekk på ryggen med termos og matpakke. Det var ikkje alltid dei mest strabasiøse turane, men det var turen i seg sjølv som var målet. Då eg blei vaksen, både som einsleg og gift, var det naturleg å tenkje kven eg skulle gå søndagstur saman med. Etter at vi fekk barn, planla vi ofte å gå tur saman med andre familiar. Vi hadde til og med eit fast opplegg for dette ei stund, der vi brende bål og hadde aktivitetar.

Det er viktig for meg å formidle verdiar som forsterke familiekjensla til mine barn. Eg vil at dei skal sjå verdien av å berre vere saman og gjere ting saman med familien. Det er meir enn turane som gjer søndag til annleisdag. Vi går i kyrkje saman og et søndagsmiddag saman, med eller utan gjestar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når barna har blitt større, er det andre aktivitetar som har kome til. Eg har ikkje tal på kor mange handball- og fotballkamper og korpskonserter vi har støtt opp om. Ein kan gjere det fordi ein har fridag saman. Ein fellesfridag på søndag er en viktig del av vår kulturarv. Det er då vi senke tempoet og pustar ut. Då feirer vi bursdagane til tante, onkel og bestemor.

Du har sikkert forstått kvar eg vil. Nemleg at KrF, saman med miljøorganisasjonane, kyrkja, NHO og LO er imot forslag frå regjeringa om å endre heilagdagslova for å tillate opne butikkar på søndagar. Det skal bli meir tilgjengeleg for folk flest å handle når dei vil, seier regjeringa, med Frp i spissen. Sjølvsagt skjøne eg argumenta om å la folk få bestemme både når dei vil opne butikken sin og når dei vil handle. KrF vil heller ikkje at staten skal detaljstyre folk sin kvardag. Men her har vi ein konflikt av interesse og verdiar. Vil vi velje full valfridom eller behalde ein felles fridag, med dei verdiar dette inneber for fellesskapet? Vi kan ikkje ha begge delar.

Motstandarane av søndagsfri hevdar at alle skal kunne velje sin eigen fridag. For dei som har born i skulen vil denne valfridomen sjølvsagt bli avgrensa. I mange tilfelle vil det vere foreldre som må jobbe på søndagen. Eg ser kor pressa vi er som familie på å få tid saman. Kvardagane går med til jobb og fritidsaktiviteter slik at det å bli fråteken søndagen som ein annleis dag vil gjere mykje med familielivet.

KrF meine at det er viktig å skjerme ein dag i veka for kommersiell aktivitet, slik at ein sørgje for at fleire av arbeidstakarane i varehandelen får muligheit til fri på søndag saman med venar og familien. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til familieliv.

Motstandarar av søndagsfri argumenterer med at fleire butikkar er opne på søndag allereie og at mange jobbe då. Brustadbua er eit unntak frå regelen, for å imøtekomme behovet eller ønske om å kunne handle det nødvendige som ein har gløymt, på ein fridag. Det er også mange som i dag arbeider turnus for å ivareta viktige samfunnsoppgåver. Men desse er unntaket frå regelen om søndagsfri, og unntak stadfestar regelen.

Det blir påstått at ein kan bare la være å handle på søndag viss ein ikkje vil. Eg har budd fleire år i USA der butikkane alltid er opne og veit at det lett blir handletur framfor familieaktiviteter. Der det er lett tilgjengeleg, blir det shopping, sjølv om eg i prinsippet er imot å handle på søndag. Mange andre har argumentert på ulikt vis for søndagsfri. Dei vise til dei negative konsekvensar søndagsopne butikkar vil ha for økonomi, miljø og sentralisering. Men her vil eg ha fokus på verdiar.

Våre motstandarar hevdar at KrF vil presse kristne verdiar på eit pluralistisk samfunn. Men bodet om kviledagen er berre eit av mange eksemplar på levereglar som er godt for alle uansett livssyn og livssituasjon. Vi meiner at dette ikkje er eit lokalt ansvar, men eit nasjonalt spørsmål. Kva slags samfunn ønskjer vi som nasjon?

Viss ein fyrst prøver dette ut, er det mest sannsynleg ingen veg tilbake. Vil vi verkeleg ta ifrå komande generasjonar moglegheita til ein annleis dag og ein felles fridag? Motstanden mot regjeringa sitt forslag om lovendring er massiv, heldigvis på eit bredt grunnlag. Det ser ut til at folk flest vil ha søndagsfri. Dette vil KrF kjempe for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Tome kyrkjer og bedehus
Les også
Lokalledere i KrF vil ha ren Ap-regjering
Les også
Bondevik langer ut mot regjeringen