Enkelte butikker får allerede i dag lov til å holde søndagsåpent. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Tome kyrkjer og bedehus

Så kjem altså regjeringa med Venstre på slep, og vil åpne for «dans rundt gullkalven» også på sundagen. Det kan bli «kroken på døra» i helgane ikkje berre for åndslivet, men kulturliv og frivillig engasjement i ly og lag, og ikkje minst tappe familien og gode samfunnslag for samliv og røre, skriv Harald Myklebust.

Harald Myklebust

Over 230.000 nordmenn skal «pressast» ut i arbeidslivet – på sundagen, kviledagen «den sjuande dagen», med dei enorme konsekvensane og kostandene det vil medføre.

50 nye arbeidsdagar skal alle arbedisgjevarar ta høgde for med lønningar som krev 100 prosent sundagstillegg. Stakkar små-butikkar...

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men (til ettertanke), kva med åndslivet i helgane?

Her har både kyrkjer og bedehus stått opne i generasjonar, og likevel: Statistikken fortel om færre som møter fram (trass i stengde butikkar). Her er ein del «hederlege» unnatak – der gudstenesteliv og åndeleg samfunnsliv verkeleg blomstrar og fornyar seg! Men, har ikkje vi som hegner om sundagen, vore med på å svekke dagens real- og symbolkraft ved å prioritere weekenden på hytta, i fjellet, på sjøen – med alt det gode ein får oppleve i Guds frie natur?

Regelen blir at ein vel bort til dømes gudstenestefellesskapet. Den klassiske sundagsskulen for dei minste, må leggast til ein av vekedagane fordi borna ikkje kan møte opp på sundagen. Så er det ferien. Den var ikkje eit problem, men er blitt det. No tek vi ferie nær sagt heile året, med turar til Syden eller fjernare ferieparadis, ikkje berre ein eller to veker, men fleire.

Især for oss pensjonistar er dette lukerativt! Resultat: Plassen i kyrkje, bedehus eller andre helgefellesskap står tom. Aldri før har vi fått så mange flotte reisetilbod heile året som no.

Kyrkje og organisasjonsliv slit med å få oss til å ta ansvar, fordi det kjennest forpliktande, ikkje minst i helgane. Og i den moderne tida vi lever i, så må vi berre innsjå: Aktivitet og samlingar må leggast til vekedagane, sjølv då med vekslande frammøte.

Resultat: Mindre samlingar i helgane, med færre frammøtte.

Så kjem altså regjeringa med Venstre på slep, og vil åpne for «dans rundt gullkalven» også på sundagen. Det kan bli «kroken på døra» i helgane ikkje berre for åndslivet, men kulturliv og frivillig engasjement i ly og lag, og ikkje minst tappe familien og gode samfunnslag for samliv og røre.

Høgre, Frp og V: Det er inga skam å snu.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

Les også
Nei til søndagsåpne butikker
Les også
Ap vil frede søndagenAps landsmøte
Les også
Kirkemøtet sier nei til søndagsåpne butikker
Les også
To av tre sier nei til søndagsåpne butikker
Les også
Støre ut mot søndagsåpne butikker