For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Frispark

KOSTHALD: Det er nyttelaust med kosthaldsplanar aldri så gode, og kjøleskap full av næringsrike matvarer, om det er ingen der som faktisk har tid å hjelpe pasienten med å få i seg mat. Sviktar vi på det mest banale? spør Kjersti Toppe.

Sviktar vi på det mest banale?

Publisert Sist oppdatert

Er det slik at vi som samfunn produserer fleire og fleire barn og unge med vanskar og strev som blir svart ut med individuelt fokus – diagnosar og medisinar? Dette skreiv ei rekke fagfolk som arbeider med barn og unge og deira familiar, i eit opprop til regjeringa nyleg (Fontene, 23.01.2024). I oppropet vart det vist til at cirka 15–18 prosent av våre barn og unge blir tilvist til barne- og ungdomspsykiatrien for utgreiing og behandling. Fagfolka ber oss å sikre at barn og unge som strevar blir møtt med hjelp og støtte i 1. linja.

Fagfolka peikar på noko viktig. Er vi blitt fanga i eit system av profesjonelle, diagnosestyrte hjelparar der vi sviktar på det mest banale, det enkle og innlysande? Produserer vi meir vanhelse og kjem vi inn for seint?

Då eg sat på Stortinget i helsekomiteen, var eg ein gong på ei høyring om kosthald. Korleis få i pasienten mat. Den eine profesjonen fortalde korleis dei kunne lage til maten på beste vis. Den andre korleis dei kunne finne ut kva kosthald som var det riktige for nettopp den pasienten. Den tredje var ernæringsekspert og kunne lage langsiktige, kvalitetssikra planar ut frå diagnosar ulike pasientgrupper hadde. Men då eg spurte dei om kven det var som eigentleg hadde i oppgåve å gi pasienten mat, var det ingen som tok på seg oppgåva.

Powered by Labrador CMS