| Leder

Svart, men ikkje heilsvart

SVARTFREDAG: Vi er flokkdyr i forbrukarsesongen framfor nokon. Difor må vi løfta fram gode alternativ.
Publisert Sist oppdatert

Svartfredag. Språkrådets forslag til namn på fredag denne veka, blir neppe nokon hit. Uttrykket tilsvarer direkte det amerikanske uttrykket Black Friday, som første gong vart introdusert i Noreg i 2010. 

Sidan den gong har det etablert seg som eit forbrukarfenomen som ikkje lenger er avgrensa til ein dag, men blitt gradvis utvida til Black Week og faktisk også Black Month. Til kvart av desse uttrykka er det dessutan rom for å lega til forstavinga «pre-», slik at det allitd kan utvidast endå litt til, og starta endå litt før. 

Språkrådets dystre fornorskingsforslag er for depressivt til å nå daglegtalen. All den tid det amerikanske uttrykket alt er blitt ein del av ordforrådet i november og desember, er det dessutan liten grunn til å fiksa noko som funkar. 

Språklege mønster er her langt mindre interessante enn faktiske forbrukarmønster. Dei talar sitt tydelege språk om at fenomenet er kome for å bli. 

NHO la fram prognosen for julehandel dette året, viser denne at nordmenn vil julehandla varer for 138 milliardar. «Julehandelen vokser alltid i verdi, og har også økt etter pandemiens ekstreme vekst, og i år forventes en vekst i verdi på 3 prosent (...)», skriv organisasjonen i sin gjennomgang. 

Det betyr altså at kvar av oss handlar for 25.000 kroner no i november og desember, fordelt på mat og drikke, netthandel og andre varer. 

Tala fortel om ei forbrukarbøgje som stadig stig og ein shopping-mentalitet som verkar heilt uimotståeleg. Økonomien vår byggjer på vekst, og det er vanskeleg både for politikarar og vanlege forbrukarar å sjå føre seg noko anna. 

Seinare år har det likevel vore ulike alternative initiativ. Eitt eksempel er den såkalla «Blue Friday» i Kristiansand, som kombinerer givarglede med syn for behova til små nisjebutikkar som ikkje maktar å tilby kundane dei prisane som store kjede-gigantar vartar opp med.

Førjulstida synleggjer kollisjonen mellom våre krav til komfort og vårt kall til å vera kloke forvaltarar. 

I år er over 50 butikkar med på å droppa svartfredagen, og vil i staden gi delar av omsetjinga til den ideelle organisasjonen Blå Kors og deira arbeid blant folk som, midt i forbrukareldoradoet Noreg, opplever kjøpsfesten som ein fjern draum. For mange er nemleg jula ei tid for å stålsetja seg. 

Skamma over å falla utanfor vert skarpare denne sesongen. 

I fjor resulterte initiativet i 500 matkassar til folk som treng hjelp, og i år håpar initiativtakaren, Gorine Forum, på endå meir vind i segla for alternativet. Kanskje det kan breia om seg? 

Kvart år er dessutan miljøorganisasjonar ute og set tala i perspektiv. I år sa til dømes organisasjonen Fremtiden i våre hender, at årets shopping i årets to siste månader tilsvarer utslepp av to millionar tonn CO2, altså utslepp frå ein million fossile bilar. 

Å prøva å bremsa kjøpelysta med slike kjedelege fakta ser likevel ut til å vera fåfengd i landet vårt, som ifølgje IMF er verdas åttande rikaste. 

I årets to mørkaste månader avviser vi kanskje uansett alt som kan oppfattast som moralisme. Kven likar påminninga om at vi kollektivt ligg på kne for råsterke kommersielle krefter?

Dagen i dag, altså torsdag før svartfredag, gøymer kanskje eit opprør mot det uimotståelege. I dag feirar nemleg amerikanararne ein dag vi ikkje har vore så ivrige etter å importera, nemleg Thanksgiving

Å øva på takknemlegheit gjennom den svarte årstida, er ein kur mot kjøpefest og uhemma forbrukstrong. 

Kreativiteten bak «Blue Friday» og andre personlege grep for å sikra ekte adventsglede og redusera forbruk er langt betre enn å fortvila over at materialismen ser ut til å tvinga heile samfunnet vårt i kne.

Vi vil heia på alle initiativ, små eller store, som fremjar ein slik alternativ kultur, alle initiativ som løftar fram givarglede og takknemlegheit. 

Førjulstida synleggjer kollisjonen mellom våre krav til komfort og vårt kall til å vera kloke forvaltarar. 

Det minner også om kor brennaktuelle Bibelens ord er, om «å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har». 

Det rommar faktisk ein kur mot svartfredagens jerngrep. 

Powered by Labrador CMS