Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Leder

Stoltenberg som vegvisar i ny Trump-epoke

DIPLOMAT: Stoltenbergs er ein eksponent for diplomatiets håpefulle spor i møte med ein ny Trump-epoke, skriv Dagen på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Måndagens innsetjing av ny amerikansk president gir ikkje verda ein ny president, for Trump er ein vi kjenner frå før. Den 47. presidenten er, til liks med berre ein av forgjengarane hans, ein som får ein periode nummer to som ikkje heng saman med hans første. 

Etter haustens høgdramatiske val og ei tid med verdspolitisk turbulens på mange frontar, kan Trump I og Trump II visa seg å vera svært ubeslekta kapittel i framtidas historiebøker. 

«To av tre nordmenn tror Trump vil påvirke verden negativt» las vi nyleg i Nettavisen. Det er å sparka inn opne dører å poengtera at når ein så uoversiktleg person som Trump returnerer i ei endå meir uoversiktleg og omskifteleg tid, vil det kunna lesast av i slike undersøkingar. 

Powered by Labrador CMS