For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Frispark

NETTBRUK: Kvar fjerde 4–5 åring har eige nettbrett. Den nye studien frå EU Kids Online frå 2020 viser at norske barn og unge bruker mest tid på nett i Europa, skriv Kjersti Toppe.

Statsråd: Barn og unge skal vernast mot skadeleg innhald og bruk på nett

Publisert Sist oppdatert

Eg er glad for at den tida då eg hadde småbarn, var algoritmar og slikt ikkje ei bekymring. Slike usynlege dataprogram som på nettet blir brukt til å bestemme kva barn og unge får opp av nyhende og blir påverka av. Eg tenkjer også det er skremmande at Google veit så mykje om oss, og om barna våre. Kor vi bur, kor vi pleier å gå, kva vi likar og så vidare. Personopplysningar som faktisk dei store aktørane ikkje burde få leike seg med.

Dagens barn og unge er digitale frå dei er ganske små. Kanskje alt for små. Ulike skjermaktivitetar er blitt ein naturleg del av barna sin kvardag. Medietilsynet si kartlegging av 9–18 åringar digitale medievanar frå 2020, viser at halvparten av norske 9-åringar bruker sosiale media. Omtrent alle barn i den aldersgruppa har eigen mobil. Kvar fjerde 4–5 åring har eige nettbrett. Den nye studien frå EU Kids Online frå 2020 viser at norske barn og unge bruker mest tid på nett i Europa.

Vi må erkjenne at barn og unge ikkje har eit digitalt liv som er åtskilt frå det vanlege livet. Dagens barn og unge er digitale heile tida. Ikkje berre av og til, slik vi vaksne kan vere. Bruk av sosiale media er integrert del av barn og unges oppvekst. Det er mykje positivt, men det er også ulemper ved dette. At skjermbruk stel tid og konkurrerer med barns tid til fysisk aktivitet, er sjølvsagt ein av utfordringane. Stillesitting er ein sjølvstendig helserisiko.

Powered by Labrador CMS