| Kommentar
Statlege språkråd: Frå venlege vink til totalitær tvang er vegen kort
Tre grunnar til at språkreform for kjønnsmangfald er eit alvorleg feilgrep.
SPRÅK: Eg kjenner meg undervurdert som borgar når statens ideologi blir prakka på meg i form av «råd», skriv Sofie Braut i denne kommentaren.
Bjørn Olav Hammerstad
I ein fersk episode av Dagens aktualitetspodkast, Kristen-Norge, tok vi ein sving innom dei statlege råda for offentleg tilsette i møte med såkalla kjønnsmangfald. Råda, så velmeinte dei enn måtte vera, er ei latent løype til totalitær logikk.
Iveren etter å få oppdratt folk til ei «rett» forståing av nye idear om kjønn, fører staten, ved Bufdir, til å nytta verkemiddel som har ein umiskjenneleg klang av Orwellsk nytale.
Responsen frå høyringsrunden viser også ei mildt sagt blanda mottaking. Når staten forventar allmenn tilslutning til ei omstridd forståing av kjønn, luftige uttrykk som «kjønnsmangfald», og svært framandgjerande idear om «nøytralitet» det mykje ugreie i vente.