| Leder
Staten treng porno-råda frå podkastverten
Eg gler meg over Wolfgang Wees kontante openheit. Men gremmer meg samtidig over statleg naivitet.
WEE OG ULSTEIN: I episode 759 av Wolfgang Wee Uncut handlar det, blant mykje anna, om pornoforbruk.
Wolfgang Wee Uncut / Episode 759 med Dag Inge Ulstein
I ein nyleg podkastepisode der Wolfgang Wee har invitert KrF-leiar Dag Inge Ulstein, dreier samtalen inn på temaet porno, som her blir analysert på førebiletleg nøkternt vis.
Wee snakkar om «forbruk» og avhengigheit. Han plasserer porno-problematikk inn ein breiare kulturell samanheng, der det naturleg høyrer heime.
Avhengigheit vert sett på som ei kraft som verkar destruktivt og innskrenkande på menneske. På dette feltet verkar Wees tankegang heilt opplagt. Slike perspektiv har likevel ikkje nådd fram til styresmaktene våre.