| Debatt
Staten skvisar bort nynorsken
STATENS ANSVAR: Statlege organ må ta språkpolitisk ansvar – ikkje minst i dei digitale verktøya vi alle må bruke, skriv Peder Lofnes Hauge (bilete).
Thomas Brun / NTB / NPK
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) forvaltar dei digitale løysingane som svært mange i Noreg er heilt avhengige av for å gjere jobben sin. I DFØ-portalen og DFØ-appen leverer statstilsette og eksterne alt frå reiserekningar til honorarkrav og timelister. Dette er ikkje småting. Dette er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen for det daglege arbeidet i staten.
Likevel finst desse løysingane berre på bokmål og engelsk – og ikkje på nynorsk. DFØ meiner at språklova ikkje gjeld fordi systema er «interne». Det er eit argument som ikkje held mål.
For det første: Når du som tilsett i staten leverer reiserekning, krev utgiftsrefusjonar eller får lønsopplysningar, gjer du det som privatperson. Mange av dei som bruker DFØ-systema, er dessutan ikkje statstilsette i det heile. Mellom anna meddommarar, tolkar, timelærarar ved universiteta og høgskulane og medlemmer av offentlege utval må òg bruke desse tenestene. Då kan ein seie at argumentet om «internt bruk» fell bort.