| Debatt

Stans nedlegginga av unikt tilbod 

SIVIL ULYDIGHEIT: Biletet er av artistane frå protestkonserten tysdag. F.v. Helge Stokke, Klaus Vatne, Øystein Lydvo aka Lydven, Linn Kristin Løvfall-Breistein, Synneva Noel og Stine Karin Sæle.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

I desember vart det vedteke at Pasientbiblioteket på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen skulle leggast ned, som eit ledd i i budsjettkutt der føretaket skal spare 250 millioner kroner. Oslo Universitetssjukehus satsar stort på Pasientbiblioteket, med 4,5 årsverk fordelt på to bibliotek. Ved Trondheim Universitetssjukehus la dei ned pasientbiblioteket for nokre år sidan, medan ei prosjektgruppe no jobbar for å etablere eit nytt pasientbibliotek på St. Olavs hospital.

Eg har vore pårørande på Haukeland i over eitt år no og har stor nytte av Pasientbiblioteket. I ein kvardag prega av sjukdom og alvor representerer Pasientbiblioteket for meg ei heilt anna verd enn det ventearealer og sjukehuskorridorar gjer. Denne kulturoasen genererer håp og fungerer som ein ladestasjon. 

Når eg er der ser eg at bilbioteket er i bruk på ulike måtar: Lån av bøker, avkopling i Jon Fosse-kroken, leik i barneavdelinga, lesing av gratisaviser eller lån av sjukehuset sin einaste pasient-PC. Mange ynskjer å treffe besøket sitt her i staden på eit fleirmannsrom, medan andre sit med PC’ en og jobbar.

Argumentasjonen kring vedtaket er prega av mangelfulle og feilaktige opplysingar. Den faglege begrunninga frå kommunikasjonsdirektør Erik Vigander er at pasienter i større grad brukar eigen mobil til underhaldning og det vert vist til ei digital utvikling i samfunnet. Han bryr seg ikkje om at Brukarutvalet i Helse Bergen er bekymra for barn og unge sin skjermbruk på sjukehuset og at nedlegginga er i strid med Regjeringa sin leselyststrategi «Sammen om lesing», som skal snu den digitale trenden i samfunnet.

Vigander meiner at sjukehuset vil spare kring ein million på nedlegginga, noko som er ein sanning med modifikasjonar. Bibliotekaren held fram som tilsett og internleiga for lokalet må ei avdelinga på Haukeland uansett betale. Dersom ein ser på den totale innsparinga til helseføretaket står ein igjen med utgifter til bokinnkjøp, som rundt rekna ligg på kring 100.000 i året. Føretaket må heve denne saka over avdelingsnivå og sjå på alternative løysingar for å drifte biblioteket vidare.

Som pårørande har eg, i saman med pasientar, tilsette og andre pårørande, sidan desember jobba for å bevare Pasientbiblioteket. Me opplever ein uvilje hjå leiinga til å gå i dialog for å sjå på løysingar. Dei har ikkje invitert på møter, svarer sjeldan på e-postar, og når det kjem eit svar er det det same: Vedtaket kan ikkje reviderast. På kort tid samla me inn over 2.000 underskrifter mot nedlegginga, men heller ikkje det motiverte til dialog.

Ei kulturmarkering som skulle formidle bekymring kring nedlegginga vart stoppa av leiinga, med begrunninga at ein ikkje kunne ha politisk markering på sjukehuset sitt område. I mangel på dialog tydde eg nyleg til sivil ulydigheit og arrangerte uanmeldt aksjonskonset på scena ved Pasientbiblioteket. Etter konserten kom ein dame bort til artistane og takka oss for konserten. Ho hadde vore pasient på sjukehuset i eitt år og brukt Pasientbiblioteket kvar dag. I dag skulle ho skrivast ut og ho var sjokkert over at dette flotte tilbodet skulle leggast ned.

18 kommunar tilhøyrer Helse Bergen sitt føretaksområde og engasjementet for å bevare Pasientbiblioteket aukar for kvar dag. Dei som kontaktar meg er ikkje berre bekymra for Pasientbiblioteket. Dei kjenner også på at demorkratiet er trua, når føretaksleiinga på eit av Noregs største sjukehus er så lite lydhøyre . Eg høyrer tilsette snakkar om ulike demonstrasjonar

for å redde Pasientbiblioteket, som hadde sin siste opningsdag på fredag. Det kan vera lurt å lyttte til folket, for å unngå sivil ulydigheit.

Powered by Labrador CMS