| Debatt
Stadig meir skule gir ikkje flinkare eller friskare elevar
FORVEKSLING: Pisa-resultata nedslåande. Det burde få oss til å spørje om vi har forveksla kvantitet med kvalitet, skriv Jenny Klinge.
Foto: Heiko Junge / NTB
Dagens unge er ikkje udugelege slabbedaskar med stadig større lærevanskar. Dei veks derimot opp i eit samfunn som på fleire område gir dei dårlegare vilkår for læring, helse og naturleg utvikling.
PISA-resultata er urovekkande. Endå meir urovekkande er mangelen på vilje til å sjå at organiseringa av skulen truleg er ein svært viktig del av problemet.
Vi kan ikkje setje likskapsteikn mellom meir tid i skulen og betre læring. Det er på tide å erkjenne at stadig utvida skuledagar og skuleår ikkje gir flinkare eller friskare elevar.