Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Spekulativt i Dagen om amerikansk mediebistand

FORSKER: Terje Skjerdal har arbeidd med og forska på medieutvikling sidan tidleg 2000-tal, mest i Afrika. Her frå Burundi.
Publisert Sist oppdatert

Dagen har ein diger reportasje om den amerikanske medieutviklingsorganisasjonen Internews i papiravisa 6. mars. Det er ein rar reportasje. 

Innhaldet er i korte trekk følgjande: Internews er ein gigantisk amerikanskstøtta organisasjon som driv mediepåverknad i geopolitisk viktige land gjennom opplæring av journalistar. Organisasjonen arbeider i meir enn 100 land og har motteke nesten ein halv milliard dollar i støtte frå amerikanske styresmakter dei siste åra, opplyser Dagen. 

Likevel har ingen høyrt om dei! I alle fall ikkje to norske professorar som avisa har intervjua. Det faktumet at «ingen» har høyrt om Internews vert ein indikasjon på at organisasjonen er løyndomsfull og utøver makt på vegner av amerikanske interesser. 

Powered by Labrador CMS