❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Slutt for matproduksjon på vestlandet?

REDUSERING: Miljødirektoratet sin rapport tilrår å redusere jordbruksareala slik at 2,7 millionar dekar (ca. 30 prosent) går ut av drift. Dette vil gi ein betydeleg nedgang av bruk med grasbasert husdyrhold i landet.
Publisert

Vi har eit moralsk ansvar for å bruke jorda vi har til å produsere mest mogleg mat til eiga befolkning. I ei verd der ikkje alle går mette til sengs, er det alle nasjonar sitt ansvar å bruke sine naturgitte ressursar til matproduksjon der det ligg til rette for dette. 

I min oppvekst var eg så heldig bu på ein gard. Sjølv om det var ein liten vestlandsgard, dyrka vi «alt mogleg». Vi var sjølvforsynt med poteter. Sjølvsagt var vi det. Det same gjaldt mjølk. Rett frå tanken. Vi hadde stor gulrotåker, og dyrka også andre grønsaker som brokkoli, purre og anna. I tillegg til jordbær og ein bærhage stor som eit vondt år, i alle fall for ei lita jente som måtte hjelpe mora med å plukke, sylte og safte.

I dag er sjølvforsyninga i Norge dårleg. Vi er eit av dei minst sjølvforsynte landa i verda. Sjølvforsyningsgraden på mat i Norge er berre om lag 45 prosent. Det betyr at vi importerer meir enn halvparten av kaloriane vi treng. Tar vi importerte råvarer til husdyr- fòr med i reknestykket, vil sjølvforsyninga i Norge berre ligge på 35 prosent . Stortinget har sett eit mål for sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksvarer, korrigert for import av forråvarer, til 50 prosent. 

Powered by Labrador CMS