Kommentar
KONTROLLBEHOV: Den russiske presidenten strammar grepet om folket sitt gjennom stadig nye lovar. Det er ei påminning om å verna om den gode lovgjeving her heime.
Russian Presidential Press Service via AP
Skummel homo-lov i Russland med eit ekkelt ekko her heime
Dei fleste er heilt einige om at det er ein dårleg ide å introdusera upresise lover som innskrenkar ytringsfridom og mangfald når det skjer i Russland. Men kvifor i alle dagar held vi samtidig på å rota til lovverket her heime?
Det er ein sunn impuls å reagera mot tankepoliti og dårleg lovgjeving i andre land. Men det er unekteleg svært underleg å lytta til argumenta mot slike lover. Særleg i lys av at vi akkurat i desse dagar er i ferd med å innføra eit forbod mot konverteringsterapi som er eit ekko frå eit regime vi så absolutt ikkje ønskjer å samanlikna oss med.
Det er på ingen måte noko nytt at Russland strammar grepet overfor den stadig veksande gruppa av folk som vert oppfatta som opposisjonelle. Det er den typiske paranoiaen til ein såkalla sterk mann som også vaklar innimellom: Stadig fleire må kontrollerast.
Eit kjenneteikn ved ufrie land er at nettet av lover og reglar blir stadig meir finmaska. Strengare straffer og meir regulering må til for å sikra makta til dei som alt er altfor mektige. Berre dei rette ideane skal sirkulera.