| Debatt
Skulen skal ikkje sortere barn
BYGG FELLESSKAP: Vi i Partiet Sentrum meiner at skulen skal byggje fellesskap – ikkje sortere barn, skriv fylkesleiar Audun Mundal.
Partiet Sentrum
Altfor mange elevar fell utanfor. Om lag ein tredel går ut av grunnskulen utan grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning. Det er ikkje berre eit tal. Det er barn og unge som får dårlegare moglegheiter vidare i livet.
Dette skjer ikkje av seg sjølv. Det er resultat av politiske val.
Debatten om skulen handlar ofte om disiplin eller pengar. Begge delar er viktige, men ingen av delane løyser problema åleine. Barn kjem til skulen med ulike føresetnader. Nokre treng meir støtte, fleire vaksne rundt seg og tettare oppfølging.