| Leder
Skjenke- og skulke-populismen kunne knapt vore meir malplassert
SKJENKEIVER: Støre har ivra sterkt for utvida skjenketider under VM i fotball. Her under eit besøk hjå Lindheim Ølkompani i fjor.
Ole Berg-Rusten
Det er høgsesong for herleg fotballgalskap, fest og ferieliv. Det er ikkje så rart om politikarane gjerne vil at festen skal kasta litt ekstra glans over deira eige politiske strev.
Statsminister-draumen om kald pils gjennom fotball-VMs lange nattetimar er velkjent.
Men Støre er ikkje åleine om å håpa at fotball-VM skal bli eit lokomotiv for eigen politiske popularitet. Dag Inge Ulstein var tysdag denne veka ute med ein slags skulkeflørt med adresse skuletrøytt ungdom. «KrF-Ulstein vil la barna skulke skolen etter Norges VM-åpning» lydde VG-overskrifta.