Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

SKULE: Det blir ikkje utan vidare god skule og god undervisning i eigne «private» rom, skriv Lars Gaute Jøssang.

Skarpt blikk på foreldreretten

Dei som hadde venta eit beinveges og vilkårslaust forsvar for denne grunnleggande retten, vil kan henda bli noko skuffa.

Publisert Sist oppdatert

I den norske skulen har det sidan slutten av 1800-talet og fram til i dag vore ei spenning mellom det offentlege, statlege, skulestellet på den eine sida, og det frie eller private på den andre. 

Som mange av Dagen-lesarane vil hugsa var dette eit av dei store stridsemna etter krigen. Mot eit nærast friskulefiendtleg Arbeidarparti stod ein borgarleg opposisjon, og då ofte med Kristeleg Folkeparti i spissen. 

I desse debattane blei foreldreretten, med støtte i menneskerettsfråsegna av 1948, og vanlege demokratiske rettar, køyrt fram med stor tyngde. Frå borgarleg hald blei det hevda at foreldreretten stod over «statsretten» utan at det blei styrande for politikken i nemnande grad. I nyare tid har frontane mildna, men dei ideologiske motsetnadene har ikkje slept taket.

Powered by Labrador CMS