☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Skap minnerike sommargleder

FAMILIESOMMAR: Skap minnerike sommargleder saman med barn og unge, gjennom trygge, edruelege og gode fellesskap, skriv Lillebø og Vikenes.
Publisert

I juni i år viser ei undersøking frå Sentio Research at 46 prosent av dei spurte meiner at det vert drukke for mykje alkohol i sommarferien når barn er til stades. Undersøkinga er gjort på oppdrag frå organisasjonen IOGT. 

Ei anna undersøking som vart gjort i 2022 av Ipsos viser at eit av fem barn opplever at foreldre drikk meir alkohol om sommaren enn elles i året.

I sommarkampanjen til IOGT fokuserer ein på at barn treng edru vaksne også om sommaren. For barna handlar dette om tryggleik. Det handlar om at ein ikkje alltid veit korleis dei vaksne oppfører seg når dei har brukt rusmiddel. Barna merkar endringane i dei vaksne si åtferd langt tidlegare enn dei vaksne trur at dei gjer det. Når vaksne vert meir høglydte, mindre merksame og har ein annan oppførsel enn vanleg, kan det gjere sommardagane til utrygge dagar.

Powered by Labrador CMS