Frispark
DEI SOM FLYTTA TIL SVEITS: Milliardær Stein Erik Hagen er ein av dei som har flytta utanlands på grunn av det høge skattetrykket i Noreg. Hallgrim Berg håpar han flyttar heim att.
Berit Roald/NTB
Skal venstresida ha monopol på kva rettferd er for noko?
Når skattetrykket blir så høgt at det opplevest urettferdig, flyttar dei som skapar mest verdiar i det norske samfunnet til Sveits.
Det er eitt ord i språket som er vanskelegare enn kanskje alle andre – rettferd. Alle er opptekne av det, men legg heilt ulike tydingar og meiningar inn i det.
Legg merke til dei minste småungane. Tre av dei fyrste orda dei lærer å bruke, er «mamma», «pappa» og «urettferdig».
Alle vil ha noko, få noko, bli tildelt noko. Krangelen tek til alt i syskenflokken og barnehagen. «Å, det er så urettferdig!» (at ho eller han får meir enn meg!).