| Kommentar
Sjuande oktober som sivilisatorisk sjekkpunkt
FIENDSKAP: Vi skjønar truleg ikkje kva det vil seia at nokon står oss etter livet, skriv Sofie Braut.
Bjørn Olav Hammerstad
Dei aller færraste av oss her i Noreg har prøvd å ha verkelege fiendar.
Vel har dei fleste erfaringar med å kniva med nokon om ein jobb eller ulike gode. Mange opplever at familierelasjonar slår over i fiendskaplege former når arv skal fordelast. Statistikken syner at vi her til lands også kan det der med nabokrangel og tvistar i rettsvesenet.
Men av dette er mykje passivt-aggressivt heller enn direkte farleg, ubehageleg snarare enn skummelt. Heldigvis er botnlinja stort sett kjip heller enn kriminell.