Misjon
CHURCH OF ALL NATIONS: Kyrkja vart bygd rundt 1920 og finansiert av bidrag frå 12 nasjonar, skriv Olav Vestbøstad. Desse tolv nasjonane er heidra med mosaikkar og kunstverk inni og utanfor kyrkja.
Mahmoud Illean / AP / NTB
Sjølvteologisering gjennom kunst
Heilt sidan Paulus reiste rundt som misjonær i dagens Tyrkia og Hellas har misjonsarbeidet hatt som mål å plante nye fellesskap av menneske som trur på Jesus. I dag kan me finne små og store grupper av Jesus-truande i alle land i verda. Sjølv om alle har trua på Jesus felles, er det like vel store skilnader, både i organisering og trusuttrykk.
Nokre av variasjonane mellom kristne i ulike delar av verda kan sporast til korleis evangeliet fann vegen dit.
Lågkyrkjelege misjonærar frå bedehusland i Norge vil uvilkårleg vere prega av sin eigen kulturelle bakgrunn. Det same vil ein karismatisk pinsemisjonær frå Nigeria vere. Sjølv om dei begge har den same Bibelen, vil kyrkjene dei plantar sannsynlegvis bli ganske ulike.