| Debatt
Sjølv om evangeliet er fritt og absolutt, er det ikkje lovlaust
MEDLEMSKAP: Med tanke på medlemskap i ein kristen samanheng har det vore vanleg å ha som «krav» at vedkommande vedkjenner kristen tru og fører eit liv i samsvar med det, altså i samsvar med Guds bod, skriv Johannes Kleppa (foto).
Kai Flatekvål
Det har gått ein intens debatt om medlemskap i Misjonskirken. Det er generalforsamlinga i kyrkjesamfunnet som suverent avgjer det spørsmålet. Saka er likevel aktuell også for alle andre kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar, av minst to grunnar. Uavhengig av resultatet i Misjonskirken vil eg difor kommentera saka litt ut frå eit generelt og prinsipielt synspunkt.
Det er alltid slik at utvikling og vedtak i ein kristen samanheng har ei viss innverknad på andre samanhengar. Det er snakk om ei form for surdeigseffekt eller osmoseeffekt. Det har vi sett tydeleg når det gjeld utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk) på ulike felt, ikkje minst det som gjeld samlivsetikken. Til lengre utglidinga kom i Dnk, til meir aktuelt vart spørsmålet i mange andre samanhengar.
I bedehussamanhengen har vi sett noko av det same i spørsmålet om tenestedeling. Den åndelege utviklinga og det ein gjer av vedtak i spørsmål som gjeld lære og etikk, er med andre ord ikkje berre eit «indre anliggende», som det gjerne vert sagt. Når spørsmål om medlemskap rører ved korleis ein skal tenkja, tru og leva, er det eit spørsmål av allmenn kristen interesse. Det er vanskeleg å stå imot ein generell utviklingstendens. Det er difor viktig at vi er oss teologisk medvitne i slike saker.