❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Sjølv ikkje i grava er kristne trygge

MILITANTE: Dei fleste valdsangrepa i advents- og juletida vart utførte av to grupper som er knytte til den hindunasjonalistiske paraply-organisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS). Her marsjerer RSS-tilhengarar i ein indisk by.
Publisert Sist oppdatert

Angrepa mot kristne i ulike delar av India i denne julehøgtida kjem på toppen av ei frå før alarmerande utvikling i dei over 11 åra med den hindunasjonalistiske regjeringa. Evangelical Fellowship of India, Stefanusalliansens veneorganisasjon, har så langt verifisert kring 50 angrep i jule- og adventstida. Det verkelege talet kan vera høgare.

Ein video frå Jabalpur i delstaten Madhya Pradesh sentralt i India har sjokkert. Der raserte ein hindunasjonalistisk mobb ein julelunsj for 26 blinde og synshemma barn. For åttande året hadde ein kristen pastor invitert dei unge til julemat, julesongar og utdeling av gåver. 

Inn storma ein hindunasjonalistisk mobb som påstod at det gjekk føre seg konvertering med tvang. Ei hinduistisk kvinne, sjølv synshemma, følgde ei åtte år gamal niese. Då niesa vart konfrontert av ei kvinneleg BJP-politikar som påstod at åtteåringen vart konvertert, greip tanta inn. Då tok den kvinnelege BJP-politikaren tak i andletet til kvinna og brølte at ho kom til å bli blind i sitt neste liv fordi ho deltok på eit kristent arrangement. Eg har sett den oppskakande videoen.

Powered by Labrador CMS