Leder
FORLISTE: Den overfylte fiskebåten før han sank utanfor Hellas 14. juni.
AP/NTB
Sjøfartsnasjonen Noreg pliktar å hjelpe menneske i havsnaud – inkludert båtflyktningar
Det er den største katastrofen i Middelhavet på mange år. Kanskje drukna over 600 menneske då ein overfylt fiskebåt forliste utanfor Hellas 14. juni.
Passasjerane kom frå frå Pakistan, Syria, Egypt og dei palestinske områda. Berre 104 av dei er funne i live. Det kan ha vore så mange som 750 på båten.
Visste dei kva dei gjorde, dei som gjekk ombord i båten i havnebyen Tobruk i Libya?